Fugl Føniks kaffibar
Fugl Føniks kaffibar finn du i Vikegata 17, med inngang både frå gågata (Vikegata) mot nord og frå Webjørn Svendsens gate mot sør.
Fugl Føniks kaffibar er kjend for god kaffi, deilig lunsj- og middagsmat, smakfull salatbar, gode sjølvbakte kaker, godt miljø, herleg atmosfære og god service i eit særeige og moderne, urbant lokale. Fugl Føniks kaffibar tilbyr også take-away og catering av høg kvalitet. Prøv oss!
I drink coffee—therefore I am.
Vi som driv Fugl Føniks kaffibar har som mål å skape ein triveleg møteplass for alle, yte god service, ha fokus på kvalitet, gi gjestane gode og nye smaksopplevingar som behagar både auge og gane.Vi er opptekne av god kaffi og har Ørsta si flottaste espressomaskin! Vårt lokale er nytt og moderne, med plass til om lag 80 gjestar. Vi har stort kjøken og eige bakeri. Om sommaren har vi uteservering på fortau og i eigen hage.