17.mai

17.mai går vi i tog, et is og kaker og pølser og brus… Fugl Føniks har stengt denne dagen. Vi foreslår fylgjande:
1. Støtt idrettslaga og ungdomslaga. Kjøp kaffi og kaker på arrangementa deira denne dagen.
2. Sørg for å kjøpe inn nok lausvektskaffi frå Fugl Føniks så du har litt å gå på i helga. Vi får inn nybrend kaffi denne veka òg. Du har ingen grunn til å få kaffiabstinens sjølv om kaffibaren din har stengt laurdag.
3. Bestill ei kake frå kaffibaren din. Du veit at du treng eit stykke gulrotkake eller draum på laurdag. Inviter venane dine heim på kaffi og kaker frå Fugl Føniks, så er helga garantert redda – trass alt.

Helsing oss på Fugl Føniks