Fredag 1.februar vitjar Jazzklubben Fugl Føniks. Dette vert starten på eit fast opplegg der lokale musikarar i regi av Jazzklubben spelar kvar første fredag i månaden i kaffibaren. Startskot kl.1630 til kaffibaren stengjer kl.1800. Dette gler vi oss til!
I starten (eller enden om du vil) av miljøgata finn du kaffibaren din i Ørsta.
Fugl Føniks er kjend for god kaffi, gode kaker, deilig lunsjmat, godt miljø, herleg atmosfære, god service, glade medarbeidarar, og eit særeige og originalt lokale i eit over hundre år gamalt hus.
Om sommaren har vi uteservering på framsida med utsikt mot fjorden. Dessutan har vi Ørsta sitt flottaste smug, som fram til kaffibaren si opning var ei godt skjult perle og ei stor overrasking for dei fleste ørstingar og voldingar.
Førebels manglar denne sida litt informasjon og bilete, men dette kjem fortløpande.