Månedarkiv for april, 2008

Sommarferien 2008

Mange ser fram til å nyte Fugl Føniks-gleder til sommaren. Sitte ute på fortauskafé med utsikt til den speilblanke ørstafjorden – eller gøyme seg i det franskinspirerte smuget med ein shakerato og drøyme seg vekk til langt sør i Europa. Herleg. Men obs! fuglane føniks reiser sjølv til Frankrike og vert borte mellom 14.juli og 5.august. I dette tidsromet vert kaffibaren stengt. Hugs dette når du planlegg ferien din.

Opningstider

tysdag-onsdag-torsdag-laurdag:1100-1630
fredag:1100-1800
søndag-måndag:stengt

Merk deg at 15 minutt før stengetid lagar vi kun take-away. Hugs at vi har mange timar med vasking etter at inngangsdøra er låst og før vi kan gå heim…

Ope 1.mai-08

Merk deg at i år held Fugl Føniks ope torsdag 1.mai frå 1100-1630 (ordinær opningstid). Dette fordi det vert stengt laurdag 3.mai grunna konfirmasjon og privat arrangement i kaffibaren. For alle dykk som skal hente bestilte kaker til søndag 4.mai vert det høve til å hente desse laurdag 3.mai mellom kl 12 og kl 14. Dei dette gjeld vil verte kontakta på telefon. Hugs å kjøpe lausvektskaffien til konfirmasjonsdagen torsdag 1.mai eller fredag 2.mai.