Månedarkiv for juni, 2008

Forfattaren og Fugl Føniks

Hugsar du i fjor då Ragnar Hovland las til lunsjetande gjestar under Dei Nynorske Festspela? Ei minneverdig oppleving. Og… hald deg fast… i år kan du gle deg over å høyre festspeldiktar Lars Amund Vaage lese frå ei av bøkene sine medan du drikk cappuccinoen din på Fugl Føniks. Kryss av i kalenderen din: fredag 27.juni skal du ete lunsj på Fugl Føniks! Døra opnar kl 1045 og sal av mat og drikke går føre seg fram til kl 1120. Kl 1130-1200 lever vi oss inn i forfattaren si verd. Billettsal www.billettluka.no/aasentunet kr 50,- . Etterpå kan du kjøpe signerte bøker. Dette blir bra.

Bedriftslunsj

Du har vel smakt blingsar, focaccia og flaguettar på Fugl Føniks? Vårt tips er: skal du ha lunsjmøte på jobb, styremøte på arbeidsplassen – eller du ynskjer rett og slett å glede medarbeidarane dine med noko ekstra godt, så tingar du lunsjmat hjå oss (ting nokre dagar på førehand!) og du hentar ferdigsmurd mat til avtala tid. Og vips: du får garantert ein hyggjeleg og smakfull matpause på arbeidsplassen din. Ekstra skryt får du om du attpåtil har fiksa nykverna kaffi frå India, Etiopia eller Costa Rica…

Sommar = bryllaup

Sommar er bryllaupstid. Du som har smakt kakene på Fugl Føniks skjønar kvifor så mange ynskjer bryllaupskakene herifrå! Klikk deg inn på stativkaker på produktsida vår, sjå, nyt og lat som du smakar. Men pass på – enkelte helgar er fullbooka og KakeTrine har armar, hender og hovud fulle av bryllaupskaker allereie. Ver skikkeleg rask om du ynskjer å tinge bryllaupskake hjå Fugl Føniks i sommar.

Internet

På Fugl Føniks har du tilgang til trådlaust nettverk om du har med bærbar pc. Be oss om passord.