Sveits – verdas vakraste land. Lausanne – verdas vakraste by. Du bør ta ein kik på bileta tekne i dag, 24.07.08. Fleire bilete fylgjer dei neste dagane.
Følg med – følg med!
Sveits – verdas vakraste land. Lausanne – verdas vakraste by. Du bør ta ein kik på bileta tekne i dag, 24.07.08. Fleire bilete fylgjer dei neste dagane.
Følg med – følg med!
Bilete frå Provence er lagt inn på undersidene på menykategori “Bilete”. Vi er i Provence, nærmare bestemt i det utruleg vakre området Ardeche. Her bugnar det av druer, aprikosar, ost, kastanjer, honning, timian, geiter og esel… og franskmenn! Heldigvis snakkar vi fransk – for menneska her i Provence kan verkeleg eit mini-minimum av det engelske språk. Landskapet er kupert – bratte, svingete vegar fører oss langt opp i endelaust vakre, frodige, krydderkledde åsar. Sjeldan har vi ete så mykje frukt på så kort tid, og osten er eit kapittel for seg. Men… kaffien, eh… Ørstingar og voldingar: vit at de har eit unikt espressotilbod i ein viss kaffibar i Ørsta. No kan det vel hende at vi ikkje har funne den rette plassen for espresso her nede, berre så det er sagt. Om du vil vere med på reisa vår vidare, følg med på sida vår. Vi legg inn fleire bilete etterkvart.
Då har Fuglane Føniks sommarferie! Sjølv om vi vonar de vil sakne oss medan vi held stengt, så satsar vi på at abstinensen ikkje vert skadeleg stor. Gled dykk til tysdag 5.august, då er vi tilbake og serverar dykk iskaffi, iste, smoothies, cappuccino, cortado, espresso, kaker og lunsjmat som før… Sommaren er ikkje slutt!