Månedarkiv for august, 2008

Fredagsjazz

Då er latmannsliv og sommarferie slutt, og det kriblar etter fengande jazzrytmer i intime omgjevnadar og mørke haustkveldar. Det hyggjelege samarbeidet med Jazzklubben Volda Ørsta held fram. Som før vil fredagsjazzen finne stad første fredagen i kvar månad, mellom kl.1630 og om lag fram til stengetid kl.1800. Først ute vert fredag 5.september med unge musikarar frå musikklinja ved Volda VGS, kva dei vil by på er førebels hemmeleg. Uansett vert vi imponerte! Deretter kan vi gle oss til fredag 3.oktober, då vert det Joni Mitchell med Merethe Vadstein Welle, vokal og Stein Helge Solstad, gitar. Velkomne alle!

Vi opnar etter ferien

Då er fuglane tilbake i gamlelandet, og Fugl Føniks kaffibar opnar dørene att tysdag 5.august kl 1100. Ferien har gitt oss søreuropeisk sol og varme, og vi har fått rikeleg med påfyll av inspirasjon og idéar til vår eigen vesle kaffistad. Sommar-reisa vår har synt oss at franskmenn og sveitsarar er fulle av utstråling, høfligheit, glede, kreativitet, smakssans, enkelheit og uhøgtidelegheit. Eit fantastisk klima med påtrengande krydderdufter, smak av sol, vin, frukt, ost, sjokolade og utsøkt kokkekunst medverkar nok sterkt inn på menneska si livsglede. Dessutan er det franske språket så vakkert å lytte til at berre det er grunn nok til å reise til desse landa. Vi kan likevel avsløre at sjølv etter slik ei reise tykkjer vi trass alt at atmosfæren, miljøet, produktkvaliteten og gjestane hos Fugl Føniks scorar høgt, høgt opp på rankinglista av stadar som vi skjønar vert verdsett! Så alle stamkundar og andre gjestar på Fugl Føniks: ta dette til dykk! Vi vonar du har funne bileta våre frå turen, desse finn du på menyval “bilete” og deretter “Frankrike 2008″ og “Sveits 2008″. Velkomen!