Månedarkiv for november, 2008

Fredagsjazzen 7.nov. går ut

Fredagsjazzen 7.november går ut. Det har diverre ikkje lukkast Jazzklubben å finne ledige musikarar til denne kvelden. Fortvil ikkje – gled deg til neste fredagsjazz, 5.desember. Dette blir nok ein godbit, her er litt av Jazzklubben sin eigen presentasjon av programmet (og meir finn du på www.jazzklubben.no sine sider)…:
“Denne fredagsjazzen skal vi ta turen litt attende i tid, sånn ca til folkrørsla i Greenwich Village, New York, på 1960-70-talet. Joni Mitchell har vore ei inspirasjonskjelde og eit førebilete både tekstleg og musikalsk for mange seinare kvinnelege låtskrivarar…… Det vi får høyre er eit utvalt repertoar hovudsakleg frå den meir reine folk-perioden til Joni Mitchell. Merethe Vadstein Welle på vokal vil formidle repertoaret på sin eigen måte. Med seg har ho Stein Helge Solstad på gitar, og Svein Hunnes på bass. ” Vi gler oss!

Gåve til far

Som du veit er Fugl Føniks si gulrotkake uimotståeleg god. Kvifor ikkje sleppe å bake sjølv, og heller nytte deg av vår vesle teneste til deg: søte små gulrotkaker (nok til ca. 10 små kakestykker) bakar vi opp til denne farsdagshelga. Først til mølla… Og hugs: nybrend, nykverna kaffi kjøper du i lausvekt hos oss. Du finn garantert ein kaffifavoritt til far!