Månedarkiv for desember, 2008

Takksemd til gjestane våre

I desse juletider er det lov å vise kjensler.
Fugl Føniks kaffibar nyttar dette høvet og ynskjer å takke alle sine gjestar for at de har nytta dykk så flott og godt av det denne vesle kaffibaren har kunna tilby. Det er på grunn av dykk at Fugl Føniks med veldig takksemd, audmjuke og i grunnen stor undring no kan flyge inn i sitt femte driftsår. Vi ynskjer at de alle skal vite at vi som driv denne vesle staden ikkje tek våre gjestar for gitt – det er ingen sjølvfølge at de kjem til oss, om igjen og om igjen! Vi verdset dykk, kvar einskild, og vonar at Fugl Føniks kaffibar i året – og åra – som kjem kan svare til forventingane dykkar, og medverke til fine stunder, avlapping, god kaffi(!), nye venskap og mykje livsglede.
Ei fredfull julehøgtid ynskjer vi kvar og ein – og TUSEN TAKK !

Gode gåver skaper glede

Gi ein pakke deilig nybrend kaffi, ein pakke lun, krydra te og eit dryss av vår himmelske heimelaga konfekt…. og du vil garantert glede nokon! No er kaffibaren fylt opp av gode gåvepakkar til overkomelege prisar. Alt ifrå kaffipakkar, tepakkar, våre populære fylte FuglFøniks-kasser, heimelaga sjokolade og konfekt pakka inn i søte små cellofanposar, sukkertøystenger – til våre store, gode tekoppar, presskanner, espressokanner…. Her finn du dei gode julegåvene. Velkomen!