Månedarkiv for januar, 2009

Nye typar kaffi og te

Vi var komne til eit punkt der vi sterk kjende lysta på nye smaksopplevingar. Etter å ha snusa og smatta litt her og der, fann vi fram til mange nye hyggjelege bekjentskap og fantastiske smakar frå alle verdshjørner. Alle desse – for oss – nye kaffi-og te-typane kom i hus førre veke. Og for ein velkomst dei fekk! Tydeleg at både ørstingar og voldingar verkeleg set pris på dei nye smakane! Velkomen inn og ta del i smaksopplevingane du òg.

Bloggarane er gull verdt!

Fugl Føniks kaffibar har ikkje brukt store ressursar i annonsering. Vi har vel aldri vore store tilhengarar av glorete reklameannonser, desse glansa, klisjefylte blikkfanga av typen “Ørstas beste kaffi”, “Sunnmøres beste kaker” eller “Noregs beste kaffibar”. Det hadde blitt feil for oss. Vi er alle ulike, nokon vil ha ditt, andre likar best datt og endå andre ynskjer helst noko midt i mellom…. For oss har fylgjande vore primært: eit gamalt hus må bevarast samtidig som nye element vert dregne inn – trauste Ørsta kontra søreuropeisk varme. Sunnmørske genar og franske genar. Vi har følgt magekjensla og prøvd å skape miljøet vi sjølve oppsøkjer når vi treng påfyll. Vi har vona at dei som tenkjer som oss vil finne oss… utan dei store annonsekampanjene. Så viser det seg noko utruleg: gode, nøgde gjestar driv ei fantastisk marknadsføring for oss! Googler vi fugl føniks kaffibar så dukkar vi opp både her og der! For ei fantastisk moglegheit! Vi vonar at alle bloggarar skjønar kor langt ut i verda dei når, for ein flott jobb dei gjer og kor stor marknadsverdi dei faktisk har. No sist: kjære http://silje-smu.blogspot.com. HJARTELEG TAKK!