Månedarkiv for februar, 2009

Fredagsjazzen er historie

Det har openbart ikkje vore heilt enkelt for Jazzklubben å finne ledige musikarar til den månadlege fredagsjazzen på Fugl Føniks. Sidan fredagsjazzen den 5.desember har vi ikkje høyrt noko frå Jazzklubben. Synd, for mange gjestar har etterlyst arrangementet som var avtalt skulle vere fast første fredagen kvar månad. Etter eit uformelt “vedtak” over disken er det no avklart av den regelmessige fredagsjazzen har gått over i historia. Vi vonar og trur at det til sommaren, under ein blå himmel og ute i vårt tronge smug, kan dukke opp sporadiske mini-konsertar med nokre av våre mange lokale talent!