Månedarkiv for august, 2009

Fugl Føniks er tilbake!

Velkomen til eit nytt, godt og kjekt kaffiår saman med oss! Vi er i full gang igjen etter ein herleg sommarferie. Besøket i kaffibaren desse to første dagane etter ferien har vore vanvittig godt! Tusen takk til alle som ikkje har gløymt oss! Vi er audmjuke og takksame. Velkomne alle!

Vi har utskiftingar i staben. Eivind, vår superhelt sidan oppstarten (omtrent), har blitt endå meir urban og studerer no i hovudstaden. To andre av våre supre medarbeidarar gjennom nokre år no, Synnøve og Torkjell, har starta sine nye liv – på folkehøgskular ulike stadar i landet. Vi takkar for laget så langt, ynskjer dei lukke til og alt godt, og gler oss til å sjå dei snart igjen – kanskje til haustferien? Heldigvis er Sofie framleis hos oss, vi nyt godt av ho så lenge vi kan (russ i år!). Og så kan våre gjestar gle seg over Vilde, Ingeborg og Marthe som vi er skikkeleg glade for å ha i staben vår. Velkomne! Trine, Helge og Randi heng med vidare. Mathias og Henrik gjer dei viktige, men “usynlege” vaktmeisterjobbane som må gjerast men som ingen tenkjer over vert gjort…..

Fugl Føniks har sommarferie!

PÅ FERIE – ON HOLIDAY – EN VACANCES – IN URLAUB
03.08.09 – 24.08.09

OPNAR ATT – OPENING AGAIN – OUVRONS DE NOUVEAU – ERÕFFNEN
25.08.09

VELKOMEN! – WELCOME! – BIENVENU! – WILLKOMMEN!