Månedarkiv for september, 2009

Nye kaffi- og tetypar haust 2009

Det er haust og tid for innehygge! Vi har med spaning venta på utvalde kaffibønner og kan no tilby nye smakfulle kaffitypar frå Kenya, Colombia og frå den Dominikanske republikk. Du som nyt å kjenne dei store variasjonane i kaffiens aroma og smak bør prøve desse. Av te har vi også fått inn nye typar. Du bør prøve ein stor kopp grøn te med myrte, sitron og ingefær, eller ein uvanleg og spanande bittersøt urte-/krydderte med sikorirot, pepar, kardemomme og lakris. Vi har fått inn ei ny herleg ladning med Suki Tea. Og du som har venta på dei populære Suki Tea-kannene: i tillegg til dei delikate kvite har vi no fått inn ny farge: stilige svarte kanner! Ei fantastisk gåve til deg sjølv eller til ein god venn – ei tekanne du blir avhengig av!

Stengt tysdag 15.09.09

Tysdag 15.09.09 gjer vi eit unntak, og kaffibaren er stengt. Onsdag 16.09.09 er vi tilbake til normalen, ope som vanleg frå kl 1100 til kl 1630. Velkomen då!