Månedarkiv for oktober, 2009

Frisk Marzocco!

Ja! Vår fantastiske medhjelpar La Marzocco er frisk! All ære til Stig i FOODTECH som kom den lange vegen frå Oslo og reparerte vidunderet og Patrick i ESPRESSOSPESIALISTEN som gjorde avtalane med La Marzocco i Firenze. Vi takkar hjartelegst for hjelpa. Vi kan godt seie at vi har no ei flunkande ny espressomaskin, der den to år gamle innmaten er bytta ut med heilt ny!
Då kan alle våre gjestar puste letta ut, og kome til open inngangsdør i morgon, fredag 16.oktober. Velkomen!

Grunna reparasjon held vi stengt til fredag 16.oktober-09

Vår solide espressomaskin må fiksast. Det kan sjå ut som at det er hovudkortet i maskina som er problemet. Til dette treng vi spesialist frå Oslo. Reparatøren kjem til oss torsdag 15.oktober. Fugl Føniks utan espressomaskin er ganske vanskeleg…Svært mykje av det vi sel er basert på produksjon utifrå vår kjære espressomaskin.
Vi vonar gjestane våre skjønar problemet og er tolmodige, og ynskjer velkomen tilbake.

Vi held stengt fram til fredag 16. oktober og vonar alt er i orden då.
Velkomen attende!

Espressomaskin på reparasjon

Ein del på vår solide Marzocco må fiksast. Denne delen finn vi ikkje i Ørsta – og vi må difor vente på ilpost frå Oslo i morgon, tysdag 13.oktober. Fugl Føniks utan espressomaskin er ganske vanskeleg… Difor held vi stengt tysdag 13.oktober i påvente av denne delen samt at den nye delen vert sett i funksjon. Forhåpentlegvis er alt i orden onsdag 14.oktober. Velkomen attende då!