Månedarkiv for november, 2009

Ny vegg

Heldige er vi! Fugl Føniks har pynta eine veggen med to fantastiske foto. Kunstnaren bak heiter Tonje Sætre Indrearne (www.yourmemoryblogg.blogspot.com). Ho har tankar omkring temaet TID. Tid til å setje seg ned, halde rundt ein kopp, nyte det som er inni, frå barndom til alderdom. Kjenne roa sige inn. Prioritere. Vi trur mange gjer det på Fugl Føniks! Tonje har òg laga kort med same tema. Desse kan kjøpast i kaffibaren. Utruleg fine til å legge ved ei lita kaffi- eller tehelsing til jul!

Det nærmar seg adventstid

Desember nærmar seg. Mange er innom og kikar etter idéar til julegåver. Ørsta sin einaste spesialbutikk innanfor kaffi, te og sjokolade og tilhøyrande utstyr har gåvene folk garantert vert glade for å få! Vi får stadig inn nye varer som vi veit vert supre julegåver. Posar med spesialkaffi, smakfull te, herlege sjokoladar, Suki Tea-Kanner, kaffiutstyr, sukkerstenger. Dessutan er Fugl Føniks t-skjortene i ferd med å ta form. Vi har fått inn masse t-skjorter som er klare til å få pressa på artige kaffitekstar. Vi har også andre spanande ting på gang – vent og sjå! Og hugs: mange av våre gjestar har vore smarte og tinga varer som vi veit vil forsvinne fort! Kanskje på tide å tenkje igjennom kva du treng til jul?

Endringar av kaketilbodet

Då vår konditor går delvis over i anna stilling grunna sjukdom, må vi dessverre endre noko på tilbodet vårt når det gjeld sal av heile kaker. Fugl Føniks vil frå 1.november-09 ikkje lenger ha kapasitet til å kunne tilby sal av heile kaker, herunder også kaker på stativ. Heldigvis vil Fugl Føniks fortsatt ha eit godt utval av dei gode kakene vi har hatt til no i disken vår, men desse vert kun for sal i kakestykker i kaffibaren.