Månedarkiv for desember, 2009

Godt nytt år 2010!

Vi ynskjer alle våre lojale gjestar eit godt og lukkeleg nytt år! Fugl Føniks held stengt frå torsdag 31.desember til onsdag 6.januar. Frå nyttår må du merke deg fylgjande: måndagar og tysdagar vert produksjonsdagar på Fugl Føniks. Desse dagane vil du såleis møte stengt dør. Vi blir oppe i andre etasje og bakar gjærbakst måndagar og kaker tysdagar. Onsdagar, torsdagar, fredagar og laurdagar held vi ope som vanleg frå kl 11 til kl 1730 (langdag fredagar til kl 18). Vi ser fram til eit nytt år med blanke ark! Velkomne alle!

Glutenfritt brød

Våre grove, glutenfrie brød sel så det susar. Eit tydeleg stort behov for godt glutenfritt brød har synt seg å vere grensesprengjande. Våre brødkundar kjem frå fjern og nær. Utfordringa for oss er å ha nok steikekapasitet, og mest av alt: nok tid til å bake glutenfritt brød for sal! Våre bakedagar er no søndagar og måndagar. Vår tanke var å selje brød så lenge vi har, men behovet er større enn vi maktar å produsere. Vi vil svært truleg skaffe oss ein endå større omn, slik at vi får større volum når vi først er i gang med brødbakinga. For våre kundar kan det vere fornuftig å bestille glutenfrie brød på førehand.

Juletid

Fugl Føniks og gjestane våre er i julemodus. Kaffibaren fløymer av herlege julegåver: kaffi i lausvekt, te med julekrydder, mandlar, sjokolade i mange variantar, tekanner, fuglføniks-t-skjorter osv. Det går litt tid i kverning av kaffi for tida! Det kan vere lurt å bestille til dømes kaffi på førehand, slik at vi kan kverne opp og lage klart. Det går ei del tid i venting, kanskje kan ein unngå dei lengste køene dersom vi får kvelden før til å kverne opp og ordne tll gåvene dine.

Opningstider jula 2009

Torsdag 17.des: 11-1630
Fredag 18.des: 11-1800
Laurdag 19.des: 11-1630
Søndag og måndag stengt som vanleg
Tysdag 22.des: 11-1630
Onsdag 23.des: 11-1630
f.o.m 24.12.-t.o.m. 28.12.: stengt
Tysdag 29.12.: 11-1630
Onsdag 30.12.: 11-1630
f.o.m. 31.12.09 – t.o.m. tysdag 05.01.10: stengt