Månedarkiv for januar, 2010

Ny nettside!

Vi er stolte av å presentere Fugl Føniks sine nye nettsider! Med stor iver har arkitekten bak, grafisk designar Asgeir Hoem, møtt våre ynskje med sikker hand, gode og konstruktive idéar og stor forståing. Hjarteleg takk!

Handlaga sjokolade frå Chocoplaisir

På Fugl Føniks kan du no kjøpe fersk og handlaga kvalitetsjokolade frå det lokale sjokolademakeriet Chocoplaisir i Brattvåg.

Sjokoladen innheld ikkje konserveringsmiddel. Reine råstoff: belgisk kvalitetssjokolade, noko smør, alkohol (ekte polvarer), glukose og fruktsyrer.

Dette er ekte handverk – har du først smakt denne sjokoladen, gløymer du han aldri!