Månedarkiv for mars, 2010

Påskesjokolade

Ah – ny sending sjokolade er komen i hus frå Chocoplaisir. Vi kan freiste med nydelege påskeegg – heimelaga marsipan dekte med mørk sjokolade og dekor som smakar godt!

opningstider i påska 2010

Påska nærmar seg, og vi får mange spørsmål om opningstider i påskeveka. Her får du dei viktige opplysingane:

måndag 29.mars: produksjonsdag, stengt

tysdag 30.mars: ope 11-1630

onsdag 31.mars: ope 11-1630

torsdag 1.april: skjærtorsdag, stengt

fredag 2.april: langfredag, stengt

laurdag 3.april: påskeaftan, ope 11-1630

søndag 4.april: stengt

Endringar av opningsdagar og produksjonsdag

Dersom bedrifta Fugl Føniks skulle kunne forsvare å bruke ein driftsdag i veka til produksjon av glutenfrie brød, måtte ein få opp produksjonsvolumet. Dette ville medføre ei tung investering i fleire eltemaskiner, meir fryse- og steikekapasitet og større utstyr av oppskjæringsmaskiner. Samt ei aktiv marknadsføring og større salsapparat av glutenfrie brød. Dette ville ta mykje tid og ressursar, truleg ville ein måtte ta i bruk meir enn ein dag i veka til dette. Vi er komne fram til at Fugl Føniks er og skal fortsatt vere ein kaffibar og ikkje eit bakeri. Ein må ha minimum 5 opne driftsdagar i veka, og maks 1 produksjonsdag/administrasjonsdag der kaffibaren er stengt for publikum. Då vert det prioritert å produsere næringsmiddel for sal til våre gjestar i kaffibaren, dvs. bakst for lunsjmat og kaker. Alle kaker vil sjølvsagt framleis vere glutenfrie og ein vil finne eit glutenfritt lunsjtilbod. Produksjon av glutenfrie brød går såleis ut.

Vi vonar og trur at svært mange av våre gjestar vil sette pris på at kaffibaren frå 15.mars vil vere open også på tysdagar.

Støtt opp om stamplassen din! Kåring av “Årets beste kaffebar 2010″

Scae (Speciality Coffee Association Europe)  gjennomfører ei kåring av Noregs beste kaffibar, og det er DU som skal avgjere kva for kaffibar dette blir! Du sender inn ditt forslag med ein god grunngjevnad til arrangement@scae.no innan 25. mars. Ein jury vil gjennomgå alle kandidatane og plukke ut 10 kaffibarar som går vidare til avstemming på Scae sine nettsider. Årets Kaffibar vil bli annonsert i samband med NM Finalane i slutten av april d.å.

Legg gjerne med et bilde av din favoritt bar og forklar hvorfor akkurat denne kaffebaren bør bli Årets Kaffebar 2010.