“Denne plassen pustar. Han pustar liv, glede. Denne plassen er ingen kafé, men eit lite kunstverk, eit smykke. Her dampar atmosfære. Her er det berre godt å vere. Finst her overnattingsplassar?”
Denne veka har Fugl Føniks hatt gleda av å ha daglege besøk av ein gjeng hardhausar av nokre sveitsiske skikarar. Veret var ikkje det beste for dei, dei elskar snø - men regn, skodde og vind reduserte mulegheitene deira til dei store skiopplevingane i Ørstafjella denne veka. Og problema oppe i vulkansk luft vart utfordrande i høve til å kome seg ned att til dei sveitsiske alpar… Trass alt - opphaldet deira i vårt verharde land var positivt. Med ein fantastisk fjellførar Rolf – og litt espresso og sjokolade – vart det mykje latter og glede likevel.





