Månedarkiv for mai, 2010

Ny kaffi!

Vi har nett fått inn ny kaffi:

KENYA, KIUNYU

smaksprofil:

Aroma: floral, mørk bærfruktigheit som i solbær

Smak: søt, modne solbær og bjørnebær

Syrligheit: leskande syrlegheit

Fylde: god, feit munnkjensle som minner om fløtekarameller

Ettersmak: rein og saftig fruktigheit

RWANDA, BUF REMERA

smaksprofil:

Aroma: floral, lett fruktig

Smak: lyse raude plommer, Cantaloupe-melon, bringebær

Syrligheit: godt integrert

Fylde: medium, middels munnkjensle

Ettersmak: rein, blaut leskande, medium lang

BRASIL, SÃO JUDAS

smaksprofil:

Aroma: lett floral, preg av nøtter og lys sjokolade

Smak: melkesjokolade, grøne epler, nyper, moden sitrus

Syrligheit: godt integrert, reint sitruspreg

Fylde: lett, feit og rund munnkjensle

Ettersmak: middels lang, søt og lett, preg av karamelliserte nøtter

17.mai

Stengt 17.mai. Men på jobb må vi likevel, for 18.mai har vi sjølvsagt ope att!

Vår fantastiske espressomaskin!

Fugl Føniks er stolt eigar av ei La Marzocco GB5. Ei handlaga espressomaskin frå Firence, Italia. Dei første maskinene av denne modellen vart produserte i år 2005. Vi tinga vår i april 2007, maskina vart produsert i Firenze i juli 2007, og seint i august 2007 kom vidunderet til Fugl Føniks i Ørsta! Vår espressomaskin er den 1228.  GB5′en som er produsert. Denne modellen er designa av Piero Bambi (sonen til Guiseppe Bambi, grunnleggar av La Marzocco-fabrikken i Firenze), og modellen GB5 er oppkalla etter kona hans Giovanna Bambi. Modellen er oppbygd ved hjelp av dei mest dyrebare material, i henhold til kriteriar som har gjort La Marzocco så berømt gjennom sine over 80 års eksistens. I forhold til tidlegare modellar er det på GB5 gjort mange teknologiske framskritt. Her er produktspesifikasjonen:

2 tanksystem i rustfritt stål,

Elektronisk termostat “P.I.D.” , +/- 0,5grad,

Forvarming av bryggevatnet i steamtanken,

Justerbar tevatntemperatur,

Cronos; digitalt porsjoneringspanel som syner

ekstraheringstida for kvar gong,

Ekstremt bevelege steamarmar i rustfritt stål,

Chassis i rustfritt stål,

Koppevarmer med justerbar varme,

Varslingssystem.

Du finn bilete av vår framifrå samarbeidspartnar i fotoalbumet!

Fornya lunsj

Fugl Føniks fornyar seg! Vi er veldig klare for å endre litt på lunsjtilbodet vårt. Noko går ut, noko kjem inn. Fugl Føniks elskar krydder frå Provence og Italia – reine enkle smakar. Lett å like, lett å ete, enkelt og greit, passar for einkvar, passe mengde, perfekt til lunsj. Og… litt plass til noko søtt til slutt!

Kaffitypar vi har inne pr. 1.mai 2010

Akkurat no har vi inne fylgjande kaffitypar:

India: Malabar frå Crema /  Etiopia: Yirgacheffe Durame frå Madelynns / Kenya: Makwa Estate frå Madelynns / Papua Ny Guinea: Madan Estate frå Solberg&Hansen /  Nicaragua: El Limoncillo frå Madelynns  / Colombia: El Condor frå Madelynns /  Guatemala: Pasajquim Paquim Organic frå Madelynns.