I samband med Dei Nynorske Festspela 2010: legg lunsjpausen til Fugl Føniks kaffibar og lytt til fersk litteratur, lesen av forfattaren sjølv! Fredag 25.juni kl 11.30-12.00 les Jon Severud frå boka si Ei gjenreise – Ferdaminne etter A.O.Vinje. Eit triveleg avbrekk i intim atmosfære. Billettsal i regi av Aasen-tunet kjøper du på www.billettluka.no/aasentunet, eller ved inngang til arrangementet. Kr 50,-
Fugl Føniks på søndagar og måndagar: bake bake brød og kaker, fylle trekke skjere bere, vaske opp og vaske ned, pakke fylle handle tinge bringe ringe, fikse mikse, ordne rydde inne ute, bere opp og bere ned, kjøpe løpe, vaske forkle klutar moppar, fakturere kreditere arkivere, rekne berekne, tenke gruble legge planar – svoltne ganar……. Stengt søndag og måndag betyr ikkje fri! Om nokon fortsatt skulle vere i tvil: Fugl Føniks kvilar aldri!
I år tek Fugl Føniks kaffibar sommarferie frå tysdag 3.august til og med onsdag 18.august. Vi held altså ope i heile juli!
Sjå nye bilete i fotoalbumet – og bli inspirert til sommarleg kaffipause på Fugl Føniks kaffibar!