Vi opplever det ofte: Verdskjende, kjære musikarar og artistar som er i Volda på oppdrag brukar pausane sine til å køyre omvegen til Ørsta for å gå Føniks. Desse menneska som har reist verda rundt og prøvd det meste av kaffibarar, verdset vår vesle kaffibar så høgt og rosar han såpass mykje at øyrene våre nesten dett av… Samtidig, og her kjem det vi tykkjer er ustyrteleg morosamt: Ein del av våre lokale innbyggjarar og politikarar som aldri har nytta seg av vårt tilbod av kaffi, mat, service, miljø og atmosfære, går ut i lokalavisa og ropar ut at Ørsta si gågate kun kan blomstre dersom det vert etablert ein “skikkeleg” kafé. Så enkelt er det! Berre start ein “skikkeleg kafé”! Kanskje på tide å vakne opp, sjå kvar voldingane går fast fleire dagar i veka og lytt til dei som har reist halve verda rundt og som verkeleg verdset den vesle kaffibaren i enden av Ørsta si “folketomme” gågate. Det er heldigvis ikkje folketomt hos oss
Lenge leve gjestane våre!
Om debatten om gågata i Ørsta….
24 juli, 2010







