Bokkafé på Fugl Føniks under Dei Nynorske Festspela

Set av lunsjen din til Fugl Føniks kaffibar, fredag 26.juni 2009! Då får nemleg Fugl Føniks celebert besøk av den franske forfattaren Marie Desplechin. Ho vil lese frå den franske originalutgåva av boka Aldri tilfreds, og festpeldiktar Tove Bakke les frå omsetjinga. Arrangementet startar kl 11.30 til kl 12.00, men du bør absolutt møte opp tidlegare om du ynskjer sitjeplass… Tidlegare erfaringar frå tilsvarande arrangement har vist at det er stor interesse for å ta del i boklesingar på Fugl Føniks kaffibar. Sjeldan får ein ei så nær og god leseoppleving, der forfattaren les frå eiga bok i eit lite og intimt lokale. Her vil attpåtil festpeldiktaren lese frå si omsetjing av boka, så her er det duka for eit uvanleg møte på kaffibaren din! Døra vår opnar kl 1045. Inngang kostar kr 50,- og billett tingar du på www.aasentunet.no. Velkomen!

Helsing oss på Fugl Føniks