Dersom bedrifta Fugl Føniks skulle kunne forsvare å bruke ein driftsdag i veka til produksjon av glutenfrie brød, måtte ein få opp produksjonsvolumet. Dette ville medføre ei tung investering i fleire eltemaskiner, meir fryse- og steikekapasitet og større utstyr av oppskjæringsmaskiner. Samt ei aktiv marknadsføring og større salsapparat av glutenfrie brød. Dette ville ta mykje tid og ressursar, truleg ville ein måtte ta i bruk meir enn ein dag i veka til dette. Vi er komne fram til at Fugl Føniks er og skal fortsatt vere ein kaffibar og ikkje eit bakeri. Ein må ha minimum 5 opne driftsdagar i veka, og maks 1 produksjonsdag/administrasjonsdag der kaffibaren er stengt for publikum. Då vert det prioritert å produsere næringsmiddel for sal til våre gjestar i kaffibaren, dvs. bakst for lunsjmat og kaker. Alle kaker vil sjølvsagt framleis vere glutenfrie og ein vil finne eit glutenfritt lunsjtilbod. Produksjon av glutenfrie brød går såleis ut.
Vi vonar og trur at svært mange av våre gjestar vil sette pris på at kaffibaren frå 15.mars vil vere open også på tysdagar.
| Scae (Speciality Coffee Association Europe) gjennomfører ei kåring av Noregs beste kaffibar, og det er DU som skal avgjere kva for kaffibar dette blir! Du sender inn ditt forslag med ein god grunngjevnad til arrangement@scae.no innan 25. mars. Ein jury vil gjennomgå alle kandidatane og plukke ut 10 kaffibarar som går vidare til avstemming på Scae sine nettsider. Årets Kaffibar vil bli annonsert i samband med NM Finalane i slutten av april d.å.
Legg gjerne med et bilde av din favoritt bar og forklar hvorfor akkurat denne kaffebaren bør bli Årets Kaffebar 2010. |
Hugsar du intimkonserten til Stig Ulv i smuget vårt ein varm og fin sommardag? Noter deg Fugl Føniks fredag 19.februar kl 1630 og utover – då kjem nemleg STIG ULV til oss og spelar sin behagelege musikk. Sjølvsagt inne denne gongen… Du har noko å gle deg til! Velkomen alle.
Prisen “Årets Handelsbedrift” er oppretta av Nordea for å betre kvaliteten og servicenivået innan handelnæringa i regionen, samt heve den generelle kunnskapen om næringa. Prisen skal tildelast den verksemda innan handelsdistriktet som best evnar å oppfylle intensjonane bak prisen: med vekt på profilering, omtale og utstillingar, vareutval og dyktige og serviceinnstilte tilsette. Kandidatane vert stemde fram av Nordea sine kundar. Juryen, som i år var sett saman av representantar frå Ørsta Næringskontor og Nordea Ørsta og Ulsteinvik, samla seg om ein vinnar som fylte føremålet med prisen på ein særs god måte.
Juryen grunngjev tildelinga med: “…Fugl Føniks har lukkast i å skape ein urban og triveleg møteplass i sentrum av Ørsta for kundar i alle aldrar”, “…med tydeleg fokus på kvalitet i alle ledd”, “…ein plass vi likar å syne fram når vi får utanbygds besøk”, “…eit levande eksempel på at nisjeverksemder med høg kvalitet kan blomstre i randsona av kjøpesenter”, “…godt kjend i heile regionen og i seg sjølv ein god grunn til å vitje Ørsta”.
Vi i Fugl Føniks kaffibar er svært takksame for prisen, og konkluderer med at med dette beviser vi at det går an å leve utanfor kjøpesentera, at konkurranse er sunt, at aktivitet skapar meir aktivitet, at vår gjennomarbeidde forretningsplan har slått til på alle nivå, at det går an å selje stemning, fellesskap og kvalitet – og at våre gjestar set pris på å bli sett og verdsett!
Tusen takk!
Vi er stolte av å presentere Fugl Føniks sine nye nettsider! Med stor iver har arkitekten bak, grafisk designar Asgeir Hoem, møtt våre ynskje med sikker hand, gode og konstruktive idéar og stor forståing. Hjarteleg takk!