To veker med 2 timar søvn pr natt er hardt. Vi innser at vi ikkje vert ferdige denne veka (veke 47)… Og når uforutsette utfordringar dukkar opp, ja då blir døgna for korte. Ver tolmodige folkens, den som ventar på noko godt…. Blir tysdag 29.november Dagen? Forhåpentlegvis JA!
Om nokon fortsatt er i tvil:
Nyopning av Fugl Føniks i Vikegata 17 vert ikkje torsdag 17.11., men tidlegst torsdag 24.11. Vi manglar nokre vesentlege element før vi kan byrje å produsere… Vatn og straum!
Det er stor aktivitet av snekkarar, malarar, golvleggarar, elektrikarar, rørleggararar, leverandørar osv. i Vikegata 17 for tida. Sjølv om innsatsen er enorm, med lange dagar og seine kveldar, ser vi at nyopninga av Fugl Føniks i Vikegata 17 vert litt forsinka. Målet var opning i veke 46,torsdag 17.november. Det er nok meir realistisk og satse på opning i veke 47. Det er viktig for oss at alt er på plass, ingenting skal verte overlete til tilfeldigheitene. Alt må vere klart – vi opnar først då! Du har mykje å gle deg til – dette blir ein stor overgang for alle våre kaffibar-gjestar. Gåve til folket!
Vi er komne til siste kapittel i boka “Fugl Føniks i Anders Aarsæter-gate”. Laurdag 5.november er finalen! Så stengjer vi fram til torsdag 17.november. Då går vi inn i ei ny tid med store muligheiter i Vikegata 17! Mange dører opnar seg då for oss og for gjestane våre. Berre gle deg!
Til våre kaffigjestar!
Vi flyttar – hjelp oss å tømme!
Om kort tid flyttar Fugl Føniks kaffibar til nye lokale i Vikegata 17 (tidl. Fargerike, nederste del mot Webjørn Svendsens gate).
5.november vert siste kaffibar-dag her i Anders Aarsæter gate. Nyopning i Vikegata 17 vert 17.november – om alt går etter planen.
Dei nye lokala våre er mykje større enn i dag – og Fugl Føniks må difor fornye seg.
Då vi ikkje vil lagre masse fine ting i ein mørk og forlatt kjellar, vil vi heller selje mykje av inventaret frå Fugl Føniks sin barndomsheim:
Skilt, knaggar, hyller, stolar, lamper, bord, skap, trekasser, kjøpmannsdiskar, gamle mjølkeflasker og andre glasflasker, vasar, telysestakar, bokser, gamle vindusrammer, gamle kuriositetar som vaffeljarn i støpegods, gamalt rekneapparat, vaskebrett, sinkspann osv.
Ein del ting er solgt. Raud prikk på ting som skal seljast tyder “solgt!”
Finn DU noko du har lyst på? Ikkje ver redd for å spørje oss.
Masse fint til gode prisar.