Arbeidsveke

Sivert og Marthe har arbeidsveke på Fugl Føniks denne veka (8.juni-12.juni 2010). Kjekt! Sjå dei fine bileta på Facebook: Fugl Føniks kaffibar.

Meir nyinnkomen kaffi…

MAKWA ESTATE AA,

KENYA

Smaksprofil:

Duft: brunleg som nøtt og karamell

Smak: mykje smak, fersken, sitrus som i grape, karamellisert lakris

Fylde: søt, syrleg, lang ettersmak

Svært rein, transparent

Medium brend

EL LIMONCILLO,

NICARAGUA

Smaksprofil:

Duft: karamellisert sukker, fersk tobakk

Smak: toffee eple, mørk søt karamell, grøn grape

Fylde: søt fyldig, medium syre, fersk rabarbra

Lang  whiskeymørk ettersmak

Mørk medium brend

Fugl Føniks postkort

Kreative Tonje (yourmemoryblogg.blogspot.com) har laga postkort til oss! Vi har førebels fått inn 4 motiv – fleire kjem. Skriv ei sommarhelsing til nokon du er glad i – på eit heilt unikt Fugl Føniks-postkort!

Ny kaffi!

Vi har nett fått inn ny kaffi:

KENYA, KIUNYU

smaksprofil:

Aroma: floral, mørk bærfruktigheit som i solbær

Smak: søt, modne solbær og bjørnebær

Syrligheit: leskande syrlegheit

Fylde: god, feit munnkjensle som minner om fløtekarameller

Ettersmak: rein og saftig fruktigheit

RWANDA, BUF REMERA

smaksprofil:

Aroma: floral, lett fruktig

Smak: lyse raude plommer, Cantaloupe-melon, bringebær

Syrligheit: godt integrert

Fylde: medium, middels munnkjensle

Ettersmak: rein, blaut leskande, medium lang

BRASIL, SÃO JUDAS

smaksprofil:

Aroma: lett floral, preg av nøtter og lys sjokolade

Smak: melkesjokolade, grøne epler, nyper, moden sitrus

Syrligheit: godt integrert, reint sitruspreg

Fylde: lett, feit og rund munnkjensle

Ettersmak: middels lang, søt og lett, preg av karamelliserte nøtter

17.mai

Stengt 17.mai. Men på jobb må vi likevel, for 18.mai har vi sjølvsagt ope att!