Sett av FREDAG 15.JULI KL 1700, på Fugl Føniks:
EGIL OLSEN held minikonsert for oss i smuget (inne på Fugl Føniks dersom dårleg vêr). Du kan dessutan få kjøpe Egil Olsen si nyaste plate – og få ho signert av meisteren sjølv! Nytt høvet folk! Kom, kom.
Fugl Føniksane har jobba, sprunge, måka snø, hakka is, stressa opp og ned, sveitta og frose, mangla plass og luft i snart 7 år. Popularitet og besøkstal har nådd sine høgder. Våre gjestar ropar etter fleire sitteplassar. Vi som driv plassen ropar etter meir luft, eit kjøkken på samme etasje som kaffibaren, vi grin av enorme straumutgifter som går til oppvarming i etasjane over, vi har slite med forferdelege vinterar, regn- og stormfulle årstider der vi har måtte gå ut og opp ei gamal trapp for å ha tilgang til kjøkenet. Vi har slite med trange lokale, dårleg logistikk som følge av mangel på plass og oppdelt arbeids- og driftsområde. I lang tid har vi snusa på mange ulike løysingar. Vi visste kva vi trengde og kva vi måtte ha for å kunne drive vidare. Rett før påske openbara det seg eit lokale som ga oss den store, positive skjelven! Adresse gågata, med tilkomst både frå nord og sør, masse lys frå store vindauge mot sør. God plass, luftig lokale, fire meters takhøgde, geniale løysingar, engasjert husvert, breitt fortau, fjordutsikt, tilgang til mange menneske i umiddelbar nærleik. Eit lokale som gir oss høve til å utfalde oss i eit stort kjøken og eit glutenfritt bakeri.
JA! Dette vil vi! Vikegata 17 – vi gler oss til november!
Kva seier du dersom Fugl Føniks kaffibar stenger døra i det vesle gule huset på Lystadhjørnet FOR GODT?
.. og opnar ei anna dør, ein annan stad…
Følg med, følg med…
(Vi er på facebook: Fugl Føniks kaffibar. Bli med i gruppa!)
Overalt der nordmenn les, følgjer kaffien med, anten ein sit bøygd over avisa på ein kafé, eller i godstolen heime med ei bok etter middag. Kva er betre enn å få sitje med kaffikoppen i handa og bli lesen for av forfattaren sjølv? På Dei nynorske festspela kan du velje mellom fire slike arrangement i beste kaffitid.
Fredag 24. juni 11.30–12.00 Fugl Føniks kaffibar, Ørsta
Kaffi, bokstaveleg talt
Lars Mæhle
Kr 50 / kulturrabatt for ungdom kr 30
Sommaren er ei herleg tid, då kosar du deg med iskaffi, iste og smoothie på Fugl Føniks. Forhåpentlegvis sluttar det å regne ein gong – og då køyrer vi på med uteservering. Med fjordutsikt, sjølvsagt!
For dei som planlegg framover: Fugl Føniks må også ha sommarferie… så mellom fredag 22.juli og tysdag 9.august må du trakte kaffien sjølv! Hugs å kjøpe din favorittkaffi i lausvekt før vi tek ferie.