Herlege maidagar – og sjølvsagt er uteserveringa godt i gang. Å nyte ein iskald shakerato på eit solrikt fortau med fjordutsikt, eller litt meir skjult i eit urbant smug der lyden av trafikk utanfor murveggane vert blanda med fuglekvitter frå trea i bakgården – lyden, luktene, smaken og den gode kjensla finn du sjølvsagt hos Fugl Føniks.
Mange lurer på om vi har ope på 17.mai. Svaret er: vi tør ikkje! Vi likar ikkje tanken på at køa vert lenger og lenger, og at vi ikkje klarer å jobbe fort nok! Det skal ta si tilmålte tid å lage ein god kopp kaffi. Å stresse for å handtere kundemassen er ikkje bra nok for oss… Difor seier vi: bruk tilboda som gjeld på 17.mai: sjå barnetoget, leik på stadion, høyr russetalar i Laguneparken, delta på friluftskonsertane, still opp i folketoget, ver med på folkefesten! Drikk brus, et is, tygg ei pølse – på kulturhuset, på stadion – støtt Ørsta Idrettslag fotball som arrangerer folkefesten!
Ah – endeleg vår! Jammen har vi venta lenge… Snøen kom i oktober 2010, og i dag 13.april 2011 smelta dei siste snøflekkane i vertskapets hage. Sjølvsagt drog vi då utemøblane fram på fortauet. Dei tøffaste sat ute i ein time! Kjempeinnsats, vonar det blir fleire sjansar etterkvart….
Opplev vår kjære singer/songwriter EGIL OLSEN på Fugl Føniks, onsdag 6.april kl 1530.
Herleg stemning – kom, kom! Alle er velkomne!
Fredag 1.april er vi i Ulsteinvik på NM i kaffikunst. Laurdag 2.april er vi på plass i Ørsta igjen. Kom, kom!