Endringar av opningsdagar og produksjonsdag

Dersom bedrifta Fugl Føniks skulle kunne forsvare å bruke ein driftsdag i veka til produksjon av glutenfrie brød, måtte ein få opp produksjonsvolumet. Dette ville medføre ei tung investering i fleire eltemaskiner, meir fryse- og steikekapasitet og større utstyr av oppskjæringsmaskiner. Samt ei aktiv marknadsføring og større salsapparat av glutenfrie brød. Dette ville ta mykje tid og ressursar, truleg ville ein måtte ta i bruk meir enn ein dag i veka til dette. Vi er komne fram til at Fugl Føniks er og skal fortsatt vere ein kaffibar og ikkje eit bakeri. Ein må ha minimum 5 opne driftsdagar i veka, og maks 1 produksjonsdag/administrasjonsdag der kaffibaren er stengt for publikum. Då vert det prioritert å produsere næringsmiddel for sal til våre gjestar i kaffibaren, dvs. bakst for lunsjmat og kaker. Alle kaker vil sjølvsagt framleis vere glutenfrie og ein vil finne eit glutenfritt lunsjtilbod. Produksjon av glutenfrie brød går såleis ut.

Vi vonar og trur at svært mange av våre gjestar vil sette pris på at kaffibaren frå 15.mars vil vere open også på tysdagar.

Helsing oss på Fugl Føniks