Fugl Føniks er Årets Handelsbedrift 2009 i Ørsta

Prisen “Årets Handelsbedrift” er oppretta av Nordea for å betre kvaliteten og servicenivået innan handelnæringa i regionen, samt heve den generelle kunnskapen om næringa. Prisen skal tildelast den verksemda innan handelsdistriktet som best evnar å oppfylle intensjonane bak prisen: med vekt på profilering, omtale og utstillingar, vareutval og dyktige og serviceinnstilte tilsette. Kandidatane vert stemde fram av Nordea sine kundar. Juryen, som i år var sett saman av representantar frå Ørsta Næringskontor og Nordea Ørsta og Ulsteinvik, samla seg om ein vinnar som fylte føremålet med prisen på ein særs god måte.

Juryen grunngjev tildelinga med: “…Fugl Føniks har lukkast i å skape ein urban og triveleg møteplass i sentrum av Ørsta for kundar i alle aldrar”, “…med tydeleg fokus på kvalitet i alle ledd”, “…ein plass vi likar å syne fram når vi får utanbygds besøk”, “…eit levande eksempel på at nisjeverksemder med høg kvalitet kan blomstre i randsona av kjøpesenter”, “…godt kjend i heile regionen og i seg sjølv ein god grunn til å vitje Ørsta”.

Vi i Fugl Føniks kaffibar er svært takksame for prisen, og konkluderer med at med dette beviser vi at det går an å leve utanfor kjøpesentera, at konkurranse er sunt, at aktivitet skapar meir aktivitet, at vår gjennomarbeidde forretningsplan har slått til på alle nivå, at det går an å selje stemning, fellesskap og kvalitet – og at våre gjestar set pris på å bli sett og verdsett!

Tusen takk!

Helsing oss på Fugl Føniks