Ei gladnyheit: Torsdag 23.oktober kl 1500 får vi celebert besøk på Fugl Føniks. Ein freistande telefonførespurnad frå Audun Ellingsen får ein ikkje kvar dag! Eit av landets hottaste liveband er på veg til Sunnmøre og ynskjer å spele for gjestane til Fugl Føniks ein hausttorsdag i oktober! Sjølvsagt let ein ikkje eit slikt høve gå frå seg, og vi ynskjer HOT CLUB DE NORVÈGE hjarteleg velkomne til oss! Her er noko av det vi finn skildra av bandet: HOT CLUB DE NORVÈGE starta som gatemusikanter på 70-tallet, openbart inspirerte av Django Reinhardt, men også glødande opptekne av Salvador Dali, Frank Zappa, Carl Barks, Freak Brothers, Louis Armstrong, Lars Hertervig, Jan Erik Vold og andre. HOT CLUB DE NORVÈGE tilbringjer i dag fortsatt mesteparten av året på vegen sjølv om dei fleste konsertane går føre seg innandørs. Djangomusikken har for lengst blitt ein internasjonal trend og HOT CLUB DE NORVEGE har turnert over heile kloden og samarbeidd med alle dei store innan sjangeren. Bandet gir ei heilt unik stemning med som regel fulle hus, og likevel med ein intim atmosfære. Musikken spenner frå glad og utadvend swing og heftig lidenskap, til inderlege balladar og tragiske valsar. Vi seier berre: dette kan du ikkje gå glipp av! Fugl Føniks gjestar: Velkomne alle – her kan det bli trongt om plassane!
Helsing oss på Fugl Føniks





