Påska er over og vi ser framover mot maidagar og konfirmasjonstid. Mange ynskjer seg kaker frå Fugl Føniks til sine kakebord – og det skjønar vi godt. Klikk deg inn på kakebileta våre så skjønar du kvifor…. HUGS: våre kaker vert kjærleg laga for hand og vi har avgrensa kapasitet. Dagleg tek vi imot tingingar på kaker, så om du har tenkt å tinge di favorittkake til konfirmasjonen så må du vere rask! Stikk innom kaffibaren og avtal kaketinginga di. Til kaker høyrer det med ein god kopp kaffi. Imponer gjestane dine med smaksbomber frå kaffibaren din. Kaffi frå India, Etiopia, Costa Rica og Guatemala – vi ordnar ferskbrend og nykverna kaffi til konfirmasjonskakene. Om du skulle ha gjestar som ikkje likar kaffi (stakkars!) så har vi mange gode tear å by på. Det kan vere lurt å tinge på førehand. Velkommen!
Helsing oss på Fugl Føniks






