Kaffibaren

Fugl Føniks tilbyr espressobaserte kaffidrikkar laga på vår italienskfødde espressomaskin La Marzocco GB5, også kalla kongen over alle espressomaskiner. I løpet av ei veke går det unna store mengder espresso og litervis med H-mjølk! For dei som likar best svart kaffi byr vi på utvalde kaffitypar som vi varierar frå dag til dag. Mange vil ha te - vi serverer deilig te i store koppar. Vi kan òg freiste med varm sjokolade, chai latte, iste, smoothies, slush.

Coffee! Get addicted—be happy.

Vi steikjer og smører lunsjmat om morgonen frå tysdag til laurdag, og tilbyr mat som mettar og som gir deg assosiasjonar til varmare strok. Veldig hyggjeleg om du vil sitte ned og unne deg ein pause hos oss, eller du kan ta med maten.

Måndagar  bakar og steikjer vi gjærbakst og kaker i kjøkenet vårt i andre etasje. Denne dagen er såleis produksjonsdag, så kaffibaren sine gjestar har noko å gle seg til når tysdagen kjem…

For deg som må ha glutenfritt: alle våre kaker er glutenfrie, og du kan få kjøpe eit glutenfritt lunsjtilbod.

Ein smakebit frå fredagsjazzen ein aprilkveld i 2008:

Volda/Ørsta Jazzklubb og internasjonalt besøk

I tillegg til kaffi, te og sjokoladedrikkar, lunsjmat og kaker finn du også hos oss: kaffi og te i lausvekt, kaffi- og teutstyr, sjokolade og sukkervarer i lausvekt, kort, gåvekort og Fugl Føniks  sine eigendesigna t-skjorter.

Fugl Føniks har også utleige av kakestativ.

Du finn oss i Anders Aarsætergate 1