Fugl Føniks er stolt eigar av ei La Marzocco GB5. Ei handlaga espressomaskin frå Firence, Italia. Dei første maskinene av denne modellen vart produserte i år 2005. Vi tinga vår i april 2007, maskina vart produsert i Firenze i juli 2007, og seint i august 2007 kom vidunderet til Fugl Føniks i Ørsta! Vår espressomaskin er den 1228. GB5′en som er produsert. Denne modellen er designa av Piero Bambi (sonen til Guiseppe Bambi, grunnleggar av La Marzocco-fabrikken i Firenze), og modellen GB5 er oppkalla etter kona hans Giovanna Bambi. Modellen er oppbygd ved hjelp av dei mest dyrebare material, i henhold til kriteriar som har gjort La Marzocco så berømt gjennom sine over 80 års eksistens. I forhold til tidlegare modellar er det på GB5 gjort mange teknologiske framskritt. Her er produktspesifikasjonen:
2 tanksystem i rustfritt stål,
Elektronisk termostat “P.I.D.” , +/- 0,5grad,
Forvarming av bryggevatnet i steamtanken,
Justerbar tevatntemperatur,
Cronos; digitalt porsjoneringspanel som syner
ekstraheringstida for kvar gong,
Ekstremt bevelege steamarmar i rustfritt stål,
Chassis i rustfritt stål,
Koppevarmer med justerbar varme,
Varslingssystem.
Du finn bilete av vår framifrå samarbeidspartnar i fotoalbumet!
Helsing oss på Fugl Føniks






