LEDIGE STILLINGAR
FUGL FØNIKS

VI SØKJER EKSTRAHJELP


Fugl Føniks - Mat, Drikke & Bar AS søkjer no dyktige og ansvarsfulle ekstrahjelper. Arbeidstid vil variere, men behovet er størst i helger, ettermiddagar/kveld, julebordsesongen, høgtider og ferier. Vi treng servitørar, bartender og barista. Vi ser etter deg som elskar å gi god kundeservice, er utadvendt, smilande og er eit ja-menneske. Oppstart snarast.

Fugl Føniks er ei 17 år gammal bedrift som held til i splitter nye lokale midt i Ørsta sentrum. Vi er både spisestad og cocktailbar, og hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer. Likar du å jobbe med menneske og taklar ein hektisk kvardag, samtidig som du er serviceinnstilt, rask og effektiv? Då er det deg vi ser etter!

Servitør: Gjerne erfaring. Er du serviceinnstilt, utadvendt, effektiv, nøyaktig, ryddig, arbeidsvillig og taklar stress, så kan det vere deg vi leitar etter.

Bartender: Må ha erfaring.

Barista: Må ha erfaring/kurs og interesse for kaffi.

Kva ser vi etter?

  • Du er arbeidslysten, effektiv og tek ansvar
  • Du er ein lagspelar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er engasjert og positiv, og veit å setje kunden i fokus!
  • Du er hyggeleg og imøtekomande
  • Du beherskar godt stress og taklar ein hektisk arbeidskvardag
  • Du er interessert i bransjen
  • Du er ærleg og pliktoppfyllande
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er over 20 år



Vi leitar etter deg!

Høyrest dette ut som noko for deg? Då er det deg vi treng på laget vårt på Fugl Føniks!

Send CV og søknad på e-post til ingrid@fuglfoniks.no.

Om du har spørsmål må du gjerne ta kontakt på tlf.nr.: 400 16 678 eller sende ein e-post til ingrid@fuglfoniks.no.

Søknadsfrist: 10.11.20